Når du står på ei myr, kva skal du sjå etter for å skilje dei ulike typane frå kvarandre? NTNU Vitenskapsmuseet har laga ei populærvitskapleg framstilling av dette som særleg er retta mot kartleggarar og tilsette på ulike nivå i naturforvaltninga. Målet er å gi eit lettfatteleg oversyn over myra som naturtype og korleis myra er delt inn i Natur i Norge (NiN).

Ekstremrik vegetasjon på gjengroende slåttemyr, Grubbmyra, Røyrvik.

  • Innhold

Myra er den einaste terrestriske naturtypen som bygger sitt eige substrat, torv. Vi nyttar dette særdraget når vi definerer myr som "eit landområde med vegetasjon som krev fukt, og som dannar torv". I ei intakt myr utgjer vatnet 90 % av torva, mens berre 10 % er tørrstoff. Det vil seie at myrane har litt høgare vassinnhald enn Dødehavet, og litt lågare vassinnhald enn ein agurk.

Myrnatur kan delast inn på fleire måtar, til dømes etter vegetasjonen, torva si samansetjing og djupne, hydrologien (vasshushaldninga), eller utforminga (morfologien). Dei to siste inndelings-måtane blir ofte kombinerte, og slik kan vi definere hydromorfologiske myrtypar. I NiN er det inndeling etter vegetasjon samt den hydromorfologiske karakteriseringa som er sentral. Utskifting av artar langs økologiske gradientar ligg til grunn for inndeling i hovudtypar og grunntypar, det vil seie at inndeling etter vegetasjon blir brukt i typesystemet. Den hydromorfologiske karakteriseringa møter vi i beskrivelsessystemet som torvmarksformer.

I Noreg har vi særskilt stor regional naturvariasjon på årsak av stor variasjon i klima og topografi i eit langstrekt land med mykje fjell. Det viser seg også i myrnaturen, mellom anna med mange typar torvmarksformer (myrmassivtypar) som har klar regional utbreiing. Palsmyr, atlantisk høgmyr og typisk høgmyr er døme på torvmarksformer som er knytt til bestemte område i landet. Torvmarksformene er resultatet av dei økologiske forholda som har verka på myrdanning og myrvekst over tid. Den viktigaste forklaringa på at Noreg har spesielt stor variasjon i torvmarksformer er at vi har eit relativt fuktig og kaldt, men samtidig variert klima.

Austneset i Sørværet naturreservat med dominans av kystnedbørsmyr (oseanisk nedbørsmyr) og kystlynghei, Askvoll.