Kinahaustsymre er ein høgvaksen plante som er innført, dyrka som prydplante og so vidt forvilla i Noreg. Han kjem opphaveleg frå Aust-Asia og er berre funnen forvilla éin stad, i Kristiansand i 2002.

Kjenneteikn

Kinahaustsymre er ei fleirårig urt med opprett jordstengel. Planten vert opptil 1,5 m høg og er spreidd langhåra over det heile. Han har mange og langskafta grunnblad som er djupt treflika eller tredelte med flikar som så er delte på ny. Stengelblada er kortskafta, men elles som grunnblada. Blada er store, opptil 27 x 25 cm, tett håra under, men kan bli snaue som gamle. Blomane sit fleire saman i skjermforma blomestandar og er 4–6 cm breie. Kronblad manglar, med begerblada er petaloide (kronbladliknande), 5–6 i éin krans, kvite til rosa på innsida og rosa til purpur og håra på utsida. Pollenknappane er gule. Blomane er insektpollinerte. Fruktene er samla i kuleforma hovud med mange smånøtter som er dekte av krøllhår. Smånøttene vert spreidde med vinden.

Kromosomtal

Diploid med grunntal x = 8. 2n = 16. Teljingane er ikkje utførte på norsk materiale.

Økologi og utbreiing

Kinahaustsymre er innført og vert dyrka som prydplante. Arten er funnen forvilla berre éin stad, i Kristiansand (Vest-Agder) i 2002. Arten er heimleg i Kina og Myanmar.

Kommentarar

Kinahaustsymre og fleire nære slektningar vert ofte skilde ut i ei eiga slekt, Eriocapitella Nakai. Eriocapitella er austasiatisk, og dei plantane som er funne i Noreg, er innførde som hageplantar. Artsnamna som vi no brukar i Noreg, er svært usikre.

Forvekslingar

Kinahaustsymre liknar på haustsymre A. scabiosa, men ho er meir høgvaksen og med større blad. Kinahaustsymre har òg tettare hårklednad på undersida av blada, men desse håra fell gjerne av når planten vert gammal, og arten blir då vanskelegare å skilje frå haustsymre.

Kjelder

Ehrendorfer F og Samuel R (2001). Contributions to a molecular phylogeny and systematics of Anemone and related genera (Ranunculaceae – Anemoninae). Acta Phytotax. Sin. 39: 293-307.

Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utgåva. Samlaget, Oslo.

Hoot SB, Reznicek AA og Palmer JD (1994). Phylogenetic relationships in Anemone (Ranunculaceae) based on morphology and chloroplast DNA. Syst. Bot. 19: 169–200.

Uotila P (2001). Anemone L. I: Jonsell, B. (red.): Flora Nordica. 2. Chenopodiaceae to Fumariaceae: 300–305.

Siter nettsida som:

Hegre H og Elven R. Kinahaustsymre Anemone tomentosa (Maxim.) C.Pei. www.artsdatabanken.no/Pages/324955. Lasta ned <dag/månad/år>.