Soleieslekta er den største slekta i soleiefamilien med bortimot 600 artar på verdsbasis ifølgje nokre kjelder. Dette er òg ei artsrik slekt i Noreg med over 30 rapporterte artar, deriblant engsoleie som, truleg saman med fleire andre liknande artar, ofte vert kalla smørblom.

Soleieslekta representert ved knollsoleie Ranunculus bulbosus frå Horten.

Artane i soleieslekta har både begerblad og kronblad. Oftast er kronblada gule, som hos denne bakkesoleia, men nokre har kvite kronblad.

På verdsbasis er slekta rapportert med alt frå 300 til 600 artar; talet sprikjer mykje. Det avheng truleg både av om dei mindre slektene nemnde nedanfor er inkluderte eller ikkje, og kanskje òg av korleis ei stor gruppe med aseksuell frøformeiring (nyresoleie-gruppa) vert handsama. ‘Plants of the Worls Online’ (POWO) rapporterer 1681 artar, men då er nyresoleie-gruppa med. Slekta finst som heimleg på alle kontinent unntatt i Antarktis og i låglandet i tropiske område, men har hovudtyngda i nordlege tempererte område.

Glinsesoleieslekta Coptidium, vårkålslekta Ficaria og saltsoleieslekta Halerpestes er her haldne åtskilde frå Ranunculus på grunn av både morfologiske og molekylære karakterar. Nokre forfattarar vel å gå for ei vid avgrensing av slekta, og då vert stundom òg Myosurus med i dragsuget.

Totalt er 31 artar av Ranunculus (i trong meining) kjende frå Noreg (når ein reknar heile nyresoleie-gruppa som éin art), og av desse er meir enn 20 heimlege. I slekta finn vi hos oss eitt‑ til fleirårige urter. Blada er frå handdelte til heile. Blomen har to kransar blomeblad, den ytre utforma som små, grøne begerblad og den indre som tre eller fem store, gule, kvite eller raudlege kronblad med nektargrop nær grunnen. Fruktblada vert til smånøtter som kan vere glatte, rukkete eller tagga. I underslekta Batrachium (vass-soleiene) har smånøttene tverr-ribber. Dei fleste artane er noko giftige; særleg gjeld dette tiggarsoleie R. sceleratus og setersoleie R. hyperboreus.

Kjelder

Elven R, Arnesen G, Alsos IG og Sandbakk B (2020). Svalbardflora https://svalbardflora.no

Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utgåva. Samlaget, Oslo.

Plants of the World Online (POWO) (2022). Ranunculus L. https://powo.science.kew.org/results?q=Ranunculus Lasta ned 25/5/2022.

Stace CA (2019). New Flora of the British Isles. Fourth edition. C & M Floristics, United Kingdom. 1266s.

Uotila P, Lægaard S, Nilsson Ö, Ericsson S, Dahlgren G, Jonsell B, Nurmi J og Lampinen R (2001). Ranunculus L. I: Jonsell B (red.), Flora Nordica. 2. Chenopodiaceae to Fumariaceae: 228–293.

Wencai W og Gilbert MG (2001). Ranunculus Linnaeus. I: Wu ZY, Raven PH og Hong DY (red.), Flora of China. 6. Caryophyllaceae through Lardizabalaceae: 391–431.

Wencai W og Tamura M (2001). Batrachium (de Candolle) Gray. I: Wu ZY, Raven PH og Hong DY (red.), Flora of China. 6. Caryophyllaceae through Lardizabalaceae: 431–434.

Whittemore AT (1997). Ranunculus Linnaeus. I: Flora of North America Editorial Committee (red.), Flora of North America north of Mexico. 3. Magnoliophyta: Magnoliidae and Hamamelidae: 88–135.

Siter nettsida som:

Hegre H og Elven R. Soleieslekta Ranunculus L. www.artsdatabanken.no/Pages/315294. Lasta ned <dag/månad/år>.