Vinterblomslekta er ikkje spesielt artsrik; det finst berre kring åtte artar på verdsbasis. Ingen av desse er heimlege i Noreg, men arten vinterblom er mykje dyrka og noko forvilla her til lands. Vinterblom er særs tidleg ute med å bløme; det er ikkje alltid planten har tolmod til å vente til snøen er heilt borte eingong.

Vinterblom avbilda tidleg i mars i Botanisk hage på Tøyen i Oslo.

På verdsbasis omfattar slekta Eranthis kring åtte artar med heimleg utbreiing i Sør-Europa og austover i Asia til Japan. Dei sju asiatiske artane frå Sibir og Sentral-Asia austover vert stundom skilde ut i slekta Shibateranthis Nakai, men dette er ikkje gjort i ‘Flora of China’ og ser ikkje ut til å vere særleg i bruk.

Plantane er fleirårige med krypande jordstenglar og er nokså lågvaksne, 10–15 cm høge. Dei har eitt til to (eller ingen) djupt handdelte grunnblad med lang bladstilk. Stengelblada sit i ein krans oppunder blomen som eit sveip. Blomane er (med to kvitbloma artar som unnatak) gule, radiærsymmetriske og sit enkeltvis på planta. Begerblada er kronbladliknande og 5–8 i talet. Kronblada tel òg 5–8 og er utforma som røyrforma nektarium. Fruktblada utviklar seg til 4–9 skolmkapslar med mange frø. Artane er særs tidlegblømande og kan bløme allereie i januar nokre stader. Plantane toler frost og greier seg sjølv om dei skulle få eit lite snølag over seg etter bløminga har starta. Dei er populære hageplantar, og framfor alt er E. hyemalis forvilla mange stader i Nord-Europa og Nord-Amerika.

Det engelske namnet på slekta er «winter aconite» som syftar på den tidlege bløminga saman med ein overflatisk likskap med blada hos hjelmslekta Aconitum. Vinterblom er, som artar i hjelmslekta Aconitum og i mange andre slekter i soleiefamilien, giftige, sjølv om dei ikkje er fullt så ille som Aconitum.

Artane i slekta er fleirårige, lågvaksne og tidlegblømande. Stengelblada sit i ein krans oppunder blomen som oftast er gul.

Kjelder

Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utgåva. Samlaget, Oslo.

Jonsell B (2001). Eranthis Salisb. I: Jonsell B (red.), Flora Nordica. 2. Chenopodiaceae to Fumariaceae: 297.

Liangqian L og Tamura M (2001). Eranthis Salisbury. I: Wu ZY, Raven PH og Hong DY (red.), Flora of China. 6. Caryophyllaceae through Lardizabalaceae: 148–149.

Parfitt BD (1997). Eranthis Salisbury. I: Flora of North America Editorial Committee (red.), Flora of North America north of Mexico. 3. Magnoliophyta: Magnoliidae and Hamamelidae: 97.

Siter nettsida som:

Hegre H og Elven R. Vinterblomslekta Eranthis Salisb. www.artsdatabanken.no/Pages/315285. Lasta ned <dag/månad/år>.