Saltsoleie er den einaste arten i saltsoleieslekta i Noreg, og dette er ein framand art som truleg er komen inn med ballastjord. Stundom har slekta vore innlemma i soleieslekta, men ho vert no oftast handsama som ei særskild slekt.

På verdsbasis finst det om lag ti artar i saltsoleieslekta Halerpestes, og dei er heimlege i tempererte til polare strøk i Asia og Nord- og Sør-Amerika (her heilt sør til grensa mot Antarktis). Slekta omfattar små, fleirårige urter med krypande overjordsrenningar med røter i leddknutane. Alle blada er grunnstilte eller sit ved leddknutane. Blada er enkle, udelte og tanna (vår art har avrunda blad med breie, grunne tenner) eller trelappa til tre-delte. Blomane sit anten enkeltvis eller to til tre saman i ein liten kvast. Dei er tokjønna og radiærsymmetriske med fem begerblad som tidleg fell av og 5–12 (5 hos vår art) gule kronblad. Kronblada er smale («stilka») nedst og har ei nektargrop ovanfor den smale delen. Fruktblada er talrike og sit i ein spiral på ein konisk blomebotn. Smånøttene er samantrykte og har to eller tre langsgåande ribber på kvar side (ein skilnad frå Ranunculus).

Slekta inneheld i Noreg berre éin art, den framande arten saltsoleie Halerpestes cymbalaria, som truleg er komen inn med ballastjord. Stundom har arten vorte rekna som ein RanunculusR. cymbalaria, men er her skild ut i ei eiga slekt på grunn av både morfologiske og molekylære karakterar.

Kjelder

Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utgåva. Samlaget, Oslo.

Uotila P (2001). Ranunculus cymbalaria Pursh. I: Jonsell B (red.), Flora Nordica. 2.Chenopodiaceae to Fumariaceae: 234–235.

Wencai W og Tamura M (2001). Halerpestes E. L. Greene. I: Wu ZY, Raven PH og Hong DY (red.), Flora of China. 6. Caryophyllaceae through Lardizabalaceae: 435–437.

Whittemore AT (1997). Ranunculus Linnaeus. I: Flora of North America Editorial Committee (red.), Flora of North America north of Mexico. 3. Magnoliophyta: Magnoliidae and Hamamelidae: 88–135.

Siter nettsida som:

Hegre H og Elven R. Saltsoleieslekta Halerpestes Greene. www.artsdatabanken.no/Pages/315277. Lasta ned <dag/månad/år>.