I 2020 skjedde det ei aldri så lita omvelting i Noregs fuglefauna. Den gode gamle sædgåsa forsvann ut av artslistene, og inn kom tundrasædgås og taigasædgås.

Artane i slekta Anser kan nokre gonger vere vanskeleg å skilje frå kvarandre i felt. Dette er kortnebbgås. Foto: Terje Kolaas. Lisens: CC BY 4.0

Tid om anna får ein seg ei overrasking når ein gjer genetiske analysar av artar. Ikkje minst i Artsprosjektet skjer det no og då at ein art viser seg eigentleg å vere fire, eller at det ein trudde var fire er ein. Men då handlar det ofte om artsgrupper som er lite studerte, og som me difor ikkje veit mykje om.

Ei splitting utan om det vanlege

I Noreg hekkar taigasædgåsa i tett barskog og bjørkeskog frå Trøndelag og nordover til Troms og Finnmark.

At det skjer splittingar i artsgrupper som fuglar og pattedyr, der systematikken er godt kjend, er ikkje kvardagskost i Noreg. Men det skjedde faktisk i 2020. Då blei arten som tidlegare var kjend som sædgås, til dei to artane tundrasædgås og taigasædgås. Meir korrekt vart tundrasædgås Anser serrirostris skild ut som ein eigen art, og den "gamle" sædgåsa Anser fabalis skifta norsk namn til taigasædgås.

Splittinga kom for så vidt ikkje som ei bombe. I ekspertmiljøa hadde det lenge vore diskusjonar rundt sædgåsa sin identitet. Det som til slutt gjorde utslaget var at Norsk ornitologisk foreining (NOF) og dermed Artsdatabanken byrja bruke systematikken og namnelistene til International Ornithological Congress. I desse er ei splitting av sædgås i to artar tilrådd, basert på genetiske analyser.

To nye vakre grå

Tundrasædgåsa hekkar over tregrensa - i hovudsak i Finnmark. Nokre få par hekkar óg i Troms og på Hardangervidda.

Tundrasædgås og taigasædgås er såkalla grå gjess, som høyrer heime i slekta Anser saman med grågås, kortnebbgås og dverggås. Dei er typiske innlandsfuglar, og har ein utbreiing som strekkjer seg frå Noreg gjennom Sverige, Finland, det nordlege Russland og til Stillehavet. Ikkje uventa er dei to nye artane svært lik kvarandre, men dei kan skiljast på at taigasædgås er litt større, har litt lengre hals og har lengre og lysare nebb med meir oransje.

Rett inn på raudlista 

Ingen av dei to nye gjessene våre er talrike. Det finst 207-415 hekkande par tundrasædgås i Noreg, og av taigasædgås er det berre 30-60 par. Tundrasædgås er difor vurdert til raudlistekategorien sårbar (VU), og taigasædgås til kategorien sterkt truga (EN), i dei førebelse vurderingane til Raudlista for artar 2021. Begge artane er vurderte etter D-kriteriet (svært liten populasjon).