Åkerriddarspore er ein innført, eittårig plante som er komen på ymse vis fram til 1959. Etter 1960 er han funnen berre éin gong, på ei mølletomt i Larvik i Vestfold i 2011, der han truleg har spirt opp frå frøbank.

Kjenneteikn

Åkerriddarspore er ei 20–40 cm høg, eittårig urt med tiltrykte hår og sprikjande greiner. Blada er to gonger tredelte med trådsmale flikar. Blomane sit i ein kort klase, og alle støtteblad er heile og linjeforma. Blomane er monosymmetriske med fem blå eller fiolette (sjeldan raudfiolette eller kvite), petaloide (kronbladliknande) begerblad, der det øvre har ein lang spore. Blomeskaftet er lengre enn blomen. Kronblada er samanvaksne til eit nektarium som stikk inn i sporen. Arten har eitt fruktblad som vert til ein skolmkapsel.

Blomane hos åkerriddarspore sit i ein kort klase med heile og linjeforma støtteblad.

Blomeskaftet er lengre enn blomen hos åkerriddarspore. Blomane er monosymmetriske med fem blå eller fiolette, kronbladliknande begerblad, det øvre med ein lang spore.

Kromosomtal

Arten er diploid med grunntal x = 8. 2n = 16. Teljingar er ikkje utførte på norsk materiale.

Økologi og utbreiing

Åkerriddarspore er innført med ballastjord, korn, grasfrø og andre transportar. Han er funnen på meir enn 15 stader frå 1863 til 1959, på Austlandet inn til Ringsaker (Hedmark) og spreidd i kyststrøk nord kanskje til Frosta (Nord-Trøndelag). I nyare tid er han vorte svært sjeldsynt og er funnen berre éin gong i Larvik (Vestfold) i 2011, på ei mølletomt. Her har planten truleg spirt opp frå frøbank. Arten er heimleg i Europa og Vest-Asia.

Forvekslingar

Åkerriddarspore kan verte forveksla med dei to andre Consolida-artane: orientriddarspore C. hispanica og hyasintriddarspore C. ajacis. Hos åkerriddarspore er dei nedre støtteblada i blomestanden heile og fruktblada er snaue, medan dei nedre støtteblada er delte og fruktblada er håra hos dei andre to artane.

Kjelder

Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utgåva. Samlaget, Oslo.

Karlsson T (2001). Consolida Gray. I: Jonsell B (red.): Flora Nordica. 2. Chenopodiaceae to Fumariaceae: 326–328.

Siter nettsida som:

Hegre H og Elven R. Åkerriddarspore Consolida regalis Gray. www.artsdatabanken.no/Pages/286527. Lasta ned <dag/månad/år>.