Finnmarksfrøstjerne er ein middels storvaksen, heimleg plante med ugreina og rak stengel. Han er den nordlege underarten av arten rankfrøstjerne, med størst utbreiing i Nord-Noreg, men òg med førekomstar i Oppland.

Kjenneteikn

Finnmarksfrøstjerne er ei 40–70 cm høg, fleirårig og om lag snau urt med rak og om lag ugreina stengel. Blada er avlange og to gonger finna med breie bladflikar med avrunda grunn og bleik underside. Blomane er samla i ein lang og smal, fåbloma blomestand med langskafta blomar og store støtteblad. Blomane er små, lutande, gule og firetalige, utan kronblad, med begerblad som tidleg fell av og med talrike hengjande pollenberarar i tett dusk i kvar blome. Blomane er vindpollinerte. Smånøttene er små, grøne og med arr som er tydeleg lengre enn nebbet.

Kromosomtal

Underarten er oktoploid med grunntal x = 7. 2n = 56. Teljingar er ikkje utførte på norsk materiale.

Økologi og utbreiing

Finnmarksfrøstjerne veks på slåtteeng, i flaummarkskog og flaumsoner langsmed elvar og på tangvoll. Underarten er knytt til mellomboreal til nordboreal sone, men går dels inn i sørboreal sone i dalføra på Austlandet. Underarten er austleg og finst spreidde stader på Austlandet i Oppland i om lag heile Gudbrandsdalen og i delar av Valdres, frå Lillehammer og Nordre Land nord til Lesja og Lom. Dette området er isolert frå hovudutbreiinga i Nordaust-Europa. Han har størst utbreiing nordpå, kor han veks i Saltdal og Bodø (Nordland) og spreidde stader frå Storfjord og Nordreisa (Troms) til Kvalsund og Karasjok (Finnmark), i samanheng med utbreiinga i Sverige, Finland og vidare austover. Finnmarksfrøstjerne er funnen opp til 700 moh. i Lesja (Oppland). Økologi og utbreiing er diskutert i meir omfang hos Elven & Alm (2013). Planten er utbreidd elles i Nordaust-Europa (Nord-Sverige, Nord-Finland og Kolahalvøya i tillegg til Noreg).

Kommentarar

Det isolerte del-utbreiingsområdet i Gudbrandsdalen og Valdres treng ei forklåring. Fleire andre artar har liknande, isolerte førekomstar i desse dalføra, særleg i Gudbrandsdalen, men dei er alle meir sjeldsynte enn finnmarksfrøstjerne (til dømes skogranke Clematis sibirica, russeburkne Diplazium sibiricum, sudetlok Cystopteris sudetica og finnmarksrøyrkvein Calamagrostis lapponica). To teoriar har vore framsette: at dei er ei relikt frå ei tidlegare større, meir samanhengjande utbreiing i tidleg postglasial tid; eller at dei skyldast langdistansespreiing. Problemet blir diskutert av Berg i fleire arbeid (Berg 1965, 1983a, 1983b, 2011). Sjå òg diskusjonen hos Elven og Alm (2013).

Forvekslingar

Finnmarksfrøstjerne kan lett verte forveksla med den andre underarten av rankfrøstjerne, smalfrøstjerne subsp. simplex, men dei kan skiljast på breie og avrunda bladflikar hos subsp. boreale versus avlange og kileforma hos subsp. simplex, fåbloma versus mangebloma blomestand, langskafta versus kortskafta blomar, og store støtteblad versus utan eller med små støtteblad. Det er òg verdt å merke seg at finnmarksfrøstjerne er den nordlege underarten, men med nokre førekomstar i Oppland, medan smalfrøstjerne er den sørlege underarten.

Kjelder

Berg RY (1965). A study of Calamagrostis lapponica in south Norway, with special reference to the ecology and phytogeography. – Nytt Mag. Bot. 12: 79–86.

Berg RY (1983a). Bekkekløftfloraen i Gudbrandsdal. I. Økologiske elementer. Blyttia 41: 5–14.

Berg RY (1983b). Bekkekløftfloraen i Gudbrandsdal. II. Kløftene. Blyttia 41: 42–56.

Berg RY (2011). Den sjeldne «huldreplanten» sudetlok Cystopteris sudetica i Norge. Blyttia 69: 221- 243.

Elven R og Alm T (2013). Thalictrum simplex L. I: Elven R, Fremstad E og Pedersen O (red.). Distribution maps of Norwegian vascular plants. IV. The eastern and northeastern elements: 418–421.

Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utgåva. Samlaget, Oslo.

Jonsell B (2001). Thalictrum L. I: Jonsell B (red.), Flora Nordica. 2. Chenopodiaceae to Fumariaceae: 312–321.

Siter nettsida som:

Hegre H og Elven R. Finnmarksfrøstjerne Thalictrum simplex subsp. boreale (F.Nyl.) Á.Löve & D.Löve. www.artsdatabanken.no/Pages/286515. Lasta ned <dag/månad/år>.