Klokkeranke er innført og dyrka som prydplante. Han er berre kjent som attståande i ein forfallen hage på Bygdøy i Oslo i 2007, men kan kanskje spreie seg ut i naturen med frø, sjølv om dette førebels ikkje er dokumentert. Arten kjem opphaveleg frå Aust-Europa og Vest-Asia.

Kjenneteikn

Klokkeranke er ei opprett urt som vert 30–70 cm høg. Blada er motsette, enkle og heile, eggforma, og vert opptil 9 cm lange og 4 cm breie. Blomane sit enkeltvis eller 2–3 saman og er nikkande med djupt fiolette eller blå, sjeldan kvite, petaloide (kronbladliknande) begerblad. Kronblad manglar; blomane har ikkje ei bikrone. Arten er vindspreidd; griffelen strekkjer seg og vert fjørforma og sit att på frukta.

Klokkeranke er særprega ved å ha enkle blad, tydeleg óg frå artsepitetet integrifolia.

Kromosomtal

Diploid med grunntal x = 8. 2n = 16. Teljingar er ikkje utførte på norsk materiale.

Økologi og utbreiing

Klokkeranke er ein innført art som vert dyrka som prydplante. Han er førebels berre funnen som attståande i en forfallen hage på Bygdøy i Oslo i 2007. Arten kan kanskje setje frø og formeire seg noko. Arten er heimleg i Aust-Europa og Vest-Asia.

Forvekslingar

Klokkeranke har ingen opplagde forvekslingsartar.

Kjelder

Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utgåva. Samlaget, Oslo.

Tutin TG og Akeroyd JR (1993). Clematis L. I: Tutin TG mfl., Flora Europaea. Volume 1. Lycopodiaceae to Plantanaceae. 2. utg.: 266–267.

Siter nettsida som:

Hegre H og Elven R. Klokkeranke Clematis integrifolia L. www.artsdatabanken.no/Pages/286498. Lasta ned <dag/månad/år>.