Saltsoleie er ein lågvaksen plante som truleg er innført med ballastjord. Han er heimleg i Nord- og Sør-Amerika og Aust-Asia. Arten vart først funnen på Hvaler i 1916 og er no bufast på kysten av Skagerrak og i auke.

Kjenneteikn

Saltsoleie er ei fleirårig urt som vert om lag 5–20 cm høg. Stenglane er snaue og krypande med røter ved leddknutane. Blada er avrunda med breie, grunne tenner. Blomen er liten (0,6–1 cm brei) med fem lysgule kronblad og fem begerblad som ikkje er tilbakebøygde. Fruktfestet er håra. Smånøttene er snaue med langsgåande ribber.

Kromosomtal

Arten er diploid med grunntal x = 8. 2n = 16. Teljingar er ikkje utførte på norsk materiale.

Økologi og utbreiing

Saltsoleie veks på strandeng og open, leirete havstrand. Arten er knytt til nemoral til boreonemoral sone. Han er truleg innført med ballastjord frå Nord-Amerika og er funnen mange stader frå Halden til Hvaler og Fredrikstad (Østfold). I tillegg er han funnen einskilde stader vestover til Mandal (Vest-Agder). Saltsoleie er heimleg i Nord- og Sør-Amerika og Aust-Asia. Elles i Europa er han berre funnen som ein innført ballastplante i Vest-Sverige og Vest-Finland.

Kommentarar

Saltsoleie har stundom vore innlemma i slekta Ranunculus, men det er morfologisk og molekylær støtte for å skilje ho ut i ei særskild slekt.

Arten har fått ein del oppmerksemd i Norden på grunn av at Noreg, Sverige og Finland er dei einaste landa der han har etablert seg som framand (sjå Tambs Lyche 1937, Aas 1966 og Ryvarden 1967). Han er særs hardfør og veks som heimleg heilt inn i Arktis i Sibir, Nord-Amerika og Grønland.

Forvekslingar

Saltsoleie har ingen opplagde forvekslingsartar.

Kjelder

Aas B (1966). Ranunculus cymbalaria, en soleie på marsj. Blyttia 24: 389–394.

Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utgåva. Samlaget, Oslo.

Hörandl E, Paun O, Johansson JT, Lehnebach C, Armstrong T, Chen L og Lockhart P (2005). Phylogenetic relationships and evolutionary traits in Ranunculus s.l. (Ranunculaceae) inferred from ITS sequence analysis. Molecular Phylogenetics and Evolution 36: 305–327.

Paun O, Lehnebach C, Johansson JT, Lockhart P og Hörandl E (2005). Phylogenetic relatioships and biogeography of Ranunculus and allied genera (Ranunculaceae) in the Mediterranean region and in the European Alpine System. Taxon 54: 911–930.

Ryvarden L (1967). Ranunculus cymbalaria Pursh in Europe and its seed dispersal. Nytt Mag. Bot. 14: 109–114.

Tambs Lyche H (1937). Forekomsten av Ranunculus Cymbalaria Pursh i Østfold og Bohuslän. Nytt Mag. Naturvidensk. 77: 15–38.

Siter nettsida som:

Hegre H og Elven R. Saltsoleie Halerpestes cymbalaria (Pursh) Greene www.artsdatabanken.no/Pages/286484. Lasta ned <dag/månad/år>.