Storvassoleie er ein meterlang, flytande, heimleg vassplante med kvite blomar. Han kan forme store teppe tvers over heile elvelaupet i nokre vassdrag. Han er òg vanleg i sjøar. Arten tilhøyrer vassoleie-gruppa (underslekt Batrachium).

Kjenneteikn

Storvassoleie er ein fleirårig vassplante med stenglar som ofte er meterlange og flytande. Undervassblada er mørkgrøne og findelte, med skaft som stikk tydeleg ut av bladslira. Dei er oftast meir enn 4 cm lange, frå noko kortare enn til jamlange med ledda på stengelen. Dei fell penselforma saman når dei kjem opp frå vatnet. Flyteblada er langskafta, grøne og grunt handflika med brei opning (meir enn 90°) ved bladskaftet. Blome- og fruktskaft er i vid boge og er oftast lengre enn 5 cm og ofte lengre enn skaftet på flyteblada. Blomane er store, frå 2 til 3 cm breie. Kronblada er kvite, opptil 10 mm breie og overlappar kvarandre i kantane eller ligg heilt inntil einannan. Nedst har dei ei pæreforma nektargrop. Talet på pollenberarar er frå 20 til 30. Fruktfestet er håra. Smånøttene har tverr-ribber og er håra.

I mange vassdrag veks noko som oftast blir rekna som storvassoleie, men som skil seg i fleire trekk, m.a. mindre blomar og flyteblad med trong opning ved skaftet. Her frå Drammenselva i Drammen. Desse plantane set oftast ikkje frukt og kan ha ein hybrid-bakgrunn.

Her ser ein både dei blomane og blada med trong opning, òg her frå Drammenselva.

Undervassblada er mørkgrøne og findelte og med skaft som stikk tydeleg ut av bladslira.

Kromosomtal

Arten er oftast tetraploid med grunntal x = 8. 2n = 32 (16, 48). Teljingar er ikkje utførte på norsk materiale. Mange rapportar for kromosomtal i Batrachium er upålitelege av di taksonomien og artsavgrensinga er vrien.

Økologi og utbreiing

Storvassoleie veks i elvar og vatn, både i stille og i straum, og er lite næringskrevjande. Arten er hovudsakleg knytt til boreonemoral til mellomboreal sone, men går òg i nordboreal sone. Arten er austleg, kan vere nokså vanleg på Austlandet (men sjå kommentar nedanfor), har elles nokre einskilde førekomstar på Vestlandet, og veks spreidde stader i Trøndelag og Nordland, men er meir vanleg att i vassdraga i indre delar av Troms og Finnmark. Storvassoleie er utbreidd i Europa, Nord-Afrika og Kaukasus.

Kommentarar

Dei geografisk isolerte plantane frå Sørvestlandet (Farsund i Vest-Agder og Hå i Rogaland) skil seg noko frå dei andre plantane i Noreg, set ikkje eller om lag ikkje frukt, og dei er mest truleg hybridar. Det same gjeld i røynda ein stor del av plantane på Austlandet og i Trøndelag. Dei har dårleg eller manglande fruktsetjing, noko som er mykje meir typisk for hybridar enn for dei reine artane. Det kan hende at vi har lite rein storvassoleie i Sør- og Midt-Noreg, medan plantane i Troms og Finnmark meir sikkert høyrer til arten.

Opplagde hybridar mellom storvassoleie og småvassoleie Ranunculus trichophyllus er funne fleire stader i Hedmark, Oppland, Buskerud og Trøndelag og er truleg vanlege saman med foreldra overalt der dei veks saman. Hybridane veks òg i vassdrag der foreldra ikkje førekjem saman. Fruktsetjinga er dårleg eller manglar hos hybridane. Opplagde hybridar mellom storvassoleie og dvergvassoleie Ranunculus confervoides er sjeldsynte, men skil seg ut ved å ha små undervassblad som dvergvassoleie, men òg nokre smalflika flyteblad, og mykje større blomar enn dvergvassoleie. Dei er funne nokre få stader i fjellstrøk, men både i Sør- og Nord-Noreg. Fruktsetjinga er svært dårleg eller manglar. Det er truleg at det òg førekjem hybridar med kystvassoleie Ranunculus aquatilis.

Forvekslingar

Storvassoleie kan verte forveksla med dei andre vassoleiene; artane er vanskeleg å skilje, og plantar utan blome eller frukt let seg ofte ikkje namnfeste. Arten liknar kanskje mest på kystvassoleie Ranunculus aquatilis med både flyteblad og undervassblad, men desse to artane kan skiljast på blomeskaftlengde, blomestorleik og på nektargropa på kronblada. Blomeskafta er oftast lengre enn 5 cm og oftast lengre enn skaftet på det tilhøyrande bladet hos storvassoleie, medan det oftast er kortare enn 5 cm og oftast kortare enn skaftet på det tilhøyrande bladet hos kystvassoleie. Blomen er 2–3 cm brei hos storvassoleie og 1–2 cm hos kystvassoleie. Nektargropa ved grunnen av kronblada er pæreforma hos storvassoleie og skålforma hos kystvassoleie.

Kjelder

Dahlgren G og Jonsell B (2001). Ranunculus L. (p.p.) I: Jonsell B (red.), Flora Nordica. 2. Chenopodiaceae to Fumariaceae: 259–269.

Elven R (2013). Ranunculus peltatus Schrank. I: Elven R, Fremstad E og Pedersen O (red.), Distribution maps of Norwegian vascular plants. IV. The eastern and northeastern elements: 331–334.

Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utgåva. Samlaget, Oslo.

Siter nettsida som:

Hegre H og Elven R. Storvassoleie Ranunculus schmalhausenii Luferov. www.artsdatabanken.no/Pages/286390. Lasta ned <dag/månad/år>.