Tundrasoleie er ein heimleg plante som høyrer til arten sumpsoleie. Dette er den underarten som ein finn på Svalbard og Jan Mayen, i tillegg til nokre få, og litt omdiskuterte funn i kyststrøk i Nordland.

Underarten tundrasoleie har linjeforma til avlange og framoverretta bladflikar.

Kjenneteikn

Tundrasoleie er ei fleirårig urt som vert om lag 2–5 cm høg. Stengelen er krypande eller flytande og set røter. Planten er snau og mørkgrøn med blad som er djupt delte (til innom eller godt innom midten) i tre linjeforma til avlange hovudflikar som kan vere delte på ny. Midtfliken er lengre enn brei. Frå bladhjørne kjem bogeforma blomeskaft med einskilde, små (ca. 5 mm breie) og gule blomar med tre kronblad og tre begerblad som ikkje er nedbøygde. Kronblada skal visstnok vere tydeleg kortare enn begerblada. Fruktsamlinga er 2–3 mm brei. Blomen har berre nokre få pollenberarar. Fruktfestet er snautt.

Kromosomtal

Underarten er tetraploid med grunntal x = 8. 2n = 32. Teljingar er mellom anna utførte på norsk materiale (frå Svalbard).

Økologi og utbreiing

Tundrasoleie veks på våtmark i tundra, bekkesig og grunne dammar, hovudsakleg i sørarktisk til nordarktisk sone, men òg dels i fuglegjødsla dammar og sig i kyststrøk i sørboreal til mellomboreal sone. Underarten er vanleg på Svalbard og finst òg eit par stader på Jan Mayen. I tillegg er han rapportert frå nokre få stader på “fastlandet”, i Nordland i Narvik og på øyar ute på kysten frå Vega til Røst. Identiteten til desse plantane frå fastlandet treng kanskje betre undersøking. Underarten er elles utbreidd i arktisk Europa og Asia og i Alaska.

Plantane i Nordland er eit problem plantegeografisk. Dersom dei er korrekt identifiserte, kan i alle fall førekomstane på ytterkysten setjast i samanheng med fugletrekket sørover frå Svalbard på hausten, særleg av gjæser. Desse øyane er rasteplassar for m.a. kvitkinngås under trekket. Førekomstane i fjellvatn i Narvik ligg derimot ikkje på denne trekkruta.

Tundrasoleie veks på våtmark i tundra, bekkesig og grunne dammar, her i ein uttørka dam.

Forvekslingar

Tundrasoleie er rimelegvis lik den andre underarten setersoleie subsp. hyperboreus, men skil seg mellom anna geografisk ved at tundrasoleie hovudsakleg veks på Svalbard og på Jan Mayen, medan setersoleie veks på fastlandet og på Bjørnøya. Førekomstane av førstnemnde i Nordland øydelegg denne geografien noko. Tundrasoleie har dessutan linjeforma til avlange bladflikar som er retta framover, medan setersoleie har eggforma og sprikjande bladflikar. Fruktsamlinga er berre 2–3 mm brei hos tundrasoleie og 3–5 mm brei hos setersoleie.

Kjelder

Elven R, Arnesen G, Alsos IG og Sandbakk B (2020). Svalbardflora https://svalbardflora.no

Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utgåva. Samlaget, Oslo.

Nilsson Ö (2001). Ranunculus hyperboreus Rottb. I: Jonsell B (red.), Flora Nordica. 2. Chenopodiaceae to Fumariaceae: 269–271.

Siter nettsida som:

Hegre H og Elven R. Tundrasoleie Ranunculus hyperboreus subsp. arnelii Scheutz. www.artsdatabanken.no/Pages/286381. Lasta ned <dag/månad/år>.