Dei svenske og norske artsprosjekta er to unike prosjekt som i samarbeid utforskar og kartlegg det biologiske mangfaldet. Måndag 9. september var det ei storstild markering i Oslo for å feire ti år med fruktbart samarbeid.

På begge sider av den norsk-svenske grensa går det for seg eit stort arbeid med å utforske mangfaldet av dyr, planter og sopp. Ikkje nokon annan stad i verda har to naboland gått saman for å gjere dette.

Under feiringa på Grand var Torstein Lindstad frå Klima- og miljødepartementet nøgd med at det er funne så mange nye artar i det norske og svenske artsprosjektet.

Samarbeid med eineståande resultat

Gode samarbeidspartnarar. Frå venstre: Einar Hjorthol, direktør i Artsdatabanken, Torstein Lindstad, Avdelingsdirektør i Klima- og miljødepartementet, Lena Sundin Rådström, sjef i ArtDatabanken og Michael Löfroth, kansliråd i Miljöverndepartementet.

I nabolandet vårt er det ein sterkare tradisjon for faget biosystematikk enn i Noreg, og ArtDatabanken i Sverige starta opp artsprosjektet sitt, Svenska artprojektet, allereie i 2002.

Då det norske Artsprosjektet starta fleire år seinare, i 2009, var det naturleg å samarbeide tett med dei nordiske naboane våre, som hadde mykje erfaring å dele. Ikkje minst var eit slikt samarbeid naturleg fordi artsmangfaldet i dei to landa i stor grad er overlappande.

Samarbeidsavtalen mellom Sverige og Noreg blei underskriven under innviinga av den grenseoverskridande nasjonalparken Kosterhavet -Ytre Hvaler den 9.9.09, klokka ni.

Samarbeidet mellom dei to artsprosjekta har sidan oppstarten for 10 år sidan skjedd blant anna gjennom samordning av tilskot til kartlegging av dårleg kjende artsgrupper som finst i begge land. I mange tilfelle har norske forskarar jobba i Sverige og svenske forskarar i Noreg.

Dei to landa sine artsprosjekt har så langt resultert i at det er funne over 3000 nye artar for Sverige, og like mange for Noreg. Meir enn 2000 av desse er såkalla nye for vitskapen, det vil seie at dei er funne for fyrste gong i verda. Artsprosjekta har også i stor grad hjelpt til å styrkje kompetansen i biosystematikk og taksonomi i dei norske og svenske fagmiljøa. Det var med andre ord mykje å feire då det norske Artsprosjektet møtte dei gode kollegaene sine frå Svenska artprojektet til tiårsjubileum i Oslo måndag.

Grand Hotel – eit uvand habitat for feltbiologar

Kansliråd Michael Löfroth frå Miljödepartementet i Sverige meinte at dei frammøtte har ei oppgåve med å lære bort kunnskapen sin om biologisk mangfald til alle.

Markeringa av samarbeidet fann stad på Grand Hotel i Oslo, eit lokale som nok var uvand fasjonabelt for mange av artsprosjekta sine biologar som bruker mykje av tida si i felt.

Sjef for ArtDatabanken, Lena Sundin Rådström, og Artsdatabankens direktør Einar Hjorthol opna dagen saman. Deretter følgde innlegg frå Michael Löfroth frå Miljödepartementet i Sverige, og Torstein Lindstad frå Klima- og Miljødepartementet i Noreg. Begge slo fast at dei to artsprosjekta framleis skal få dei nødvendige rammene for å fortsetje det verdfulle arbeidet.

Frå det Finske naturhistoriske museet kom Kari Lahti, som likt som Hjorthol og Rådström håpa at samarbeidet om artsprosjekta også kan omfatte Finland i framtida. Den største delen av dagen blei brukt til interessante foredrag frå leiarane av nokre av kartleggingsprosjekta. Publikum blei betre kjent med det enorme mangfaldet av artar i dårleg kjende artsgrupper – som sopp, insekt og marine invertebrater.

Kamp mot biologisk analfabetisme

Forfattar og biolog Fredrik Sjöberg gav eit skråblikk på artsprosjekta sitt arbeid. Blant anna tok han opp den biologiske analfabetismen som brer om seg i dei nordiske landa, altså at befolkninga ikkje har den same grunnleggjande kunnskapen om artar som tidlegare. Dersom vi kan auke kunnskapen om biologisk mangfald, vil fleire ta ansvar for å ta vare på naturen, meinte Sjöberg.

Artsprosjekta i Sverige og Noreg utarbeider litteratur som hjelp til med å bestemme artar, og også brukarvennlege «nøklar» for å identifisere artane. Dette er eit bidrag til å auke artskunnskapen i dei svenske og norske befolkningane - og dermed motverke biologisk analfabetisme.

Les den svenske ArtDatabankens nyhendesak om markeringa av tiårsjubileet.