Dette året vil åtte nye kartleggingsprosjekt bli satt i gong med tilskot frå Artsdatabanken (Artsprosjektet). Prosjekta vil gi oss meir kunnskap om amfipodar, hydroidar, marine evertebratar på hardbotn, fjærlus, gallmygg, nakensniglar, slørsoppar, vassmidd, fjørmygg og sviknot.

Tilskotsmidlar til kartlegging av dårleg kjende artar har blitt lyst ut årleg gjennom Artsprosjektet sidan 2009. Denne målretta kartlegginga av artar gjennom Artsprosjektet gir oss ny kunnskap om kva slags artar som finst i Noreg, kvar i landet dei finst og i kva slags naturtypar dei lever. Kartleggingsprosjekta bidreg til betre kunnskapsgrunnlag for raudlistevurderingar av artar. Prosjekta som startar opp i år vil bidra til at denne kunnskapsoppbygginga fortset.

Her kan du lese meir om kartleggingsprosjekta:

Amfipodar: overfamilien Lysianassoidea

Dei Lysianassoide amfipodane er viktige “reinhaldsarbeidarar” i det marine økosystemet, fordi dei lever av daudt organisk materiale. Amfipodefaunaen i Noreg har berre blitt studert av nokre få forskarar dei siste 140 åra, samtidig som identifiseringa av desse artane har blitt sett på med frykt av dei fleste studentar. Det er “for mange bein, for mange detaljar, i for mange kombinasjonar” til at det er enkelt og greitt å identifisere artane.

Prosjektet vil kartleggje kva slags artar som finst i norske farvatn ved å identifisere artar i museumssamlingar òg i nyleg innsamla materiale. Både morfologiske (utsjånad) og molekylære (DNA-strekkoding) metodar vil bli nytta.

Amfipodar: overfamilien Lysianassoidea

Botnlevande polyppdyr

Botnlevande polyppdyr, også kjend som hydroidar, er ei gruppe nesledyr. Sjølv om dei er viktige komponentar i marine miljø, blir hydroidar ofte neglisjert i studier av biodiversitet. Ein har per i dag mindre kunnskap om taksonomi, utbreiing og mangfald av botnlevande polyppdyr enn pelagiske hydrozoer som småmaneter og kolonimaneter.

Dette prosjektet skal kartleggje den dårleg kjende diversiteten av botnlevande polyppdyr i Noreg, samt gjere det enklare å identifisere artar både for fagfolk og ikkje-spesialistar. Dette skal dei gjere ved å bruke både eksisterande og nyinnsamla materiale frå fleire lokalitetar langs norskekysten.

Botnlevande polyppdyr 

Evertebratar på hardbotn

Grunne hardbotnhabitat er ein av dei dominerande naturtypane langs norskekysten. Her finn vi også algebeltet, som huser ein særdeles artsrik fauna av ulike evertebratgrupper.

Eit nytt kartleggingsprosjekt vil gi ny kunnskap om marin biodiversitet på grunne hardbotnlokalitetar. Prosjektet vil samle krefter frå eit breitt samansett norsk og internasjonalt forskingsmiljø for å undersøkje kva slags artar som finst i hardbotnhabitater langs norskekysten og ved Svalbard.

Evertebrater på hardbotn 

Fjørlus

Fjørlus er lus i insektordenen Phthiraptera. Artane lever som parasittar i fjørdrakta til fuglar. Truleg er berre rundt 7 prosent av fjørlusfaunaen i Noreg registrert, og det finst få eller ingen taksonomiske ekspertar på gruppa. Dette sjølv om vertane deira (fuglane) er særs godt studert.

I dette prosjektet skal det norske mangfaldet av fjørlus blir kartlagt for å auke kunnskapsnivået og betre forståinga av diversiteten av fjørlus på fuglar. Ved å samarbeide tett med forskarar, miljømyndigheiter, ringmerkjarar og ringmerkingsstasjonar, vil prosjektet få tilgang på prøvar frå ei rekkje fugleartar, frå fleire ulike område over store delar av landet.

Fjørlus

Gallmygg

Gallmygg er ei stor og særs dårleg undersøkt insektgruppe både i Noreg og globalt. I dette prosjektet vil ein kartleggje fytofage (planteetande) gallmygg i Noreg. Dei fytofage artane tilhøyrer underfamilien Cecidomyiinae og utgjer rundt 80 prosent av familien. Fleirtalet av desse artane er galledannarar på karplanter, og dei fleste er særs vertsspesifikke.

Kartlegginga vil vere særleg retta mot artsrike, varmekjære naturtypar langs Oslofjorden. Metodikken vil i hovudsak bestå i å klekkje ut gallmygg frå gallar samla inn på vertsplantene.

Gallmygg 

Nakensniglar i Finnmark

Prosjektet #Sneglebuss vil kartleggje mangfaldet av nakensniglar langs kysten av Finnmark og gi meir kunnskap om dei marine naturtypane dei lever i. Nakensniglar må identifiserast når dei er levande då ytre kroppsdelar og fargar er intakt. Dette har også gjort at nakensniglar har blitt veldig populære hos dykkarar, fotografar og folk som ferdast i fjøra, som blir slått av kor vakre og fargerike dei er.

Framgangsmåten til prosjektet vil vere grasrotforsking (citizen science). #Sneglebuss vil køyre mellom fem ulike stader der det blir satt opp eit kunnskapspunkt. Undervassfotografar, dykkarar, skuleklasser og andre interesserte blir invitert til å ta del i kartlegginga frå desse kunnskapspunkta.

Nakensniglar i Finnmark

Slørsoppar på Svalbard

Slørsoppane er ein av dei mest artsrike slektene våre av storsoppar. Alle artane dannar ektomykorrhiza (sopprot) som er ein symbiose mellom sopp og plantene sine røter. Dei er derfor viktige for vegetasjon i låglandet så vel som til fjells og i Arktis. Det er registrert rundt 335 artar av slørsoppane (Cortinarius) i Noreg, inkludert Svalbard. Kunnskapen om dei arktiske og høgalpine artane er fragmentert, mest på grunn av vanskar med artsidentifisering av tidlegare samla materiale.

Formålet med dette prosjektet er å undersøkje førekomst, økologi og utbreiing av slørsoppartane på Svalbard. Det vil basere seg på gjennomgang av herbariemateriale ved norske vitskaplege muséer samt innsamlingar i felt.

Slørsoppar på Svalbard

Vassmidd, fjørmygg og sviknott

Mange vasslevande insekt og edderkoppdyr er viktige indikatorar for miljøendringar. Artsrike grupper som vassmidd, fjørmygg og sviknott er potensielt gode indikatorar i overvaking av vasskvalitet.

I dette kartleggingsprosjektet ønskjer ein å oppdatere kunnskapen om norske vassmidd, fjørmygg og sviknott gjennom målretta innsamling i Sør-Noreg. Prosjektet vil DNA-strekkode alle innsamla artar, ha eit nært samarbeid med pågåande overvakings- og forskingsprosjekt, sørgje for kunnskapsoverføring frå erfarne internasjonale ekspertar, og drive målretta formidling mot skule og resten av samfunnet.

Vassmidd, fjørmygg og sviknott

Hoppekreps (Copepoda) og vannlopper (Cladocera) vert samla inn ved hjelp av håvtrekk gjennom eit tidligere kartleggingsprosjekt «Inventory of marine Copepoda and Cladocera (Crustacea) in Norway (COPCLAD)».

Kontaktperson:

Stine Svalheim Markussen, Artsdatabanken

E-post: Stine.Markussen@artsdatabanken.no

Telefon: 477 53 714