Det er mogleg å abonnere på varsel når nye observasjonar av ein art eller ei artsgruppe blir lagt til i Artskart. Ein kan laga varsel på alle søk som er mogleg å spesifisere i Artskart. Ein kan sjølvsagt òg avgrense eit varsel til å gjelde eit geografisk område.  

For å opprette eit varsel i Artskart kan ein gå fram slik:

1) Søk på ein art eller ei artsgruppe du ønsker varsling for i Artskart. Det er mogleg å avgrense søket til eit geografisk område. For eksempel kan det vere eit varsel for nye observasjonar av svarthalespove i Nordland fylke. Søkefunksjonen finn du på venstre side av kartet. 
 
Det er òg mogleg å få varsel om alle nye observasjonar i et område – altså et søk utan å spesifisere art eller artsgruppe. Eit slik varsel kan for eksempel vere aktuelt som en del av forvaltning og oppfølging av et verneområde.

 

Her finn du knappen du må trykke på for å opprette eit varsel i Artskart.

2) Legg inn e-postadressa di og trykk "Opprett varsel" dersom du vil legge til eit nytt varsel, eller trykk "Administrer varsel" for å sjå dei varsla du allereie har. Det er nødvendig å bekrefte innlogging ved å trykke på ei lenke som du får tilsendt på e-post. 

3) Etter innlogging kan du gi varselet ditt eit namn som for eksempel "Svarthalespove i Nordland", oppgi tidsintervall for varselet (dagar mellom kvar gang e-post blir sendt ut), og trykk lagre. Her vil du òg finne ein link som gir deg oversikt over alle varsla du har lagra tidlegare og du kan eventuelt redigere og slette desse om du ønsker det.

Merk at varsel i utgangspunktet blir sendt ut for alle nye observasjonar i Artskart som tilfredsstiller søkekriteria. Eldre observasjonar som blir lagt til i Artskart etter at varselet er oppretta, vil derfor bli inkludert. Om ein ikkje ønsker dette, så kan ein spesifisere årstal under Filter i søkefeltet i Artskart slik illustrert nedanfor.  

Det er òg mogleg å etablere varsel ved å bruke eit eige nettskjema.