Dei fleste framande artane vi har i Noreg er karplanter. Mange av desse har i fleire hundre år blitt dyrka i hagar og parkar, og vore til glede for både menneske og dyr. Utfordringa er når desse framande plantene er på veg over hagegjerdet og påverkar heimlege artar og naturtypar negativt.

Som hageeigar er ein ansvarleg for å passe på å halde plantene innanfor eigedomen. Likevel er det mange planter som får hjelp til å kome over hagegjerdet – såkalla hageutkast. Det finst også planter som sjølv er i stand til å spreie seg til nye område. Desse blir kalla hagerømlingar.

Hageutkast – ei kjelde til spreiing

Når ei hageplante er for stor eller på annan måte er overflødig, blir den graven opp, og ofte blir den slengd utanfor hagegjerdet. Planta hamnar i beste fall i ein komposthaug eller på ei søppelfylling, men svært ofte hamnar den på uoffisielle fyllplassar eller i vegkantar, skogkantar og strandkantar der hageavfallet er til liten sjenanse – vel å merke inntil planta begynner å spreie seg. Hageavfallshaugar er nemleg perfekte yngleplassar for fleire artar, bla. brunskogsnigel. Vegen frå hageavfallshaugane og ut i norsk natur er kort og kan derfor føre til uønskt spreiing av hageplanter. Dette kan igjen føre til at heimlege artar blir utkonkurrerte og at biologisk mangfald går tapt.

Under ei detaljundersøking i Lier kommune på 1990-talet, blei det funne nesten 200 ulovlege dumpingsplassar, dvs. 1,7 pr. km² (A. Elven & R. Elven upubl.). Fleire titals karplanter utan eigenforplanting har på dette viset blitt vanlege lokalt, f.eks. frøsterile spirea-hybridar Spiraea og haustasters-hybridar Symphyotrichum, eller nasjonalt, f.eks. parkslirekne Reynoutria japonica, hybridslirekne R. ×bohemica, og kjempeslirekne R. sachalinensis. Dei frøsterile hybridartane klasespirea Spiraea ×billardii, purpurspirea S. ×rosalba og bleikspirea S. ×rubella er dokumenterte frå høvesvis 1375, 875 og 625 separate førekomstar i norsk natur, og vi antar at det reelle talet er 4-5 gonger høgare, dvs. eit estimert tal på 14 000 separate utkast av desse tre artane aleine (data frå Framandartsbasen). Multipliserer vi dette talet med talet på artar det gjeld (over 100 andre artar), og halverer fordi ikkje alle artane er like vanlege, kjem vi opp i 150 000 "lovbrot". Hageutkast er ei av dei alvorlegaste spreiingskjeldene i norsk natur, og har kanskje blitt enda meir vanleg dei seinare åra.

Hagerømlingar

Hageplanter som sjølv er i stand til å spreie seg til nye område, gjer det helst via frø, frukter eller sporar som blir spreidde med vind og via dyr (gjerne fugl). Dei fleste av dei framande hageplantene våre kjem frå grasmark, skog eller fjell i andre delar av verda. Spreiing av karplanter frå hagar og parkar er derfor å samanlikne med spreiing tilbake til naturtypar med same økologiske grunntrekk som naturtypane dei kom frå før dei blei hageplanter. Eksempel på ein art som dei seinare åra har ekspandert er kanadagullris Solidago canadensis. Den blei innført som hageplante, og har sidan spreidd seg med frø, nokre gonger kanskje med hageutkast, til store område og fortrengjer alle andre artar og forhindrar også etableringa av buskar og tre. Fortrenginga skjer også i sårbare og sjeldne naturtypar.

Ei populær krydderplante, spansk kjørvel Myrris odorata, er også eksempel på ein art i ekspansjon. Den fortrengjer omtrent alle andre urteaktige karplanter der den etablerer seg, og arten er ein gjengroingsart i kulturmarkseng, ein truga naturtype.

Kanadagullris Solidago canadensis er vurdert å ha svært høg risiko SE.