Kultivarar er gjerne flotte å sjå på fordi dei er foredla fram med tanke på ønskte eigenskapar til dyrking. Vi har vanlegvis ikkje kunnskap om kva kultivarar som er forvilla. Risikovurderinga gjeld i slike tilfelle arten generelt, inkludert forvilla kultivarar. Mange kultivarar kan derfor utgjere ein annan risiko enn arten slik den er vurdert.

Hageplanter utgjer rundt halvparten av dei drygt 2100 registrerte framande karplantene. Av dei 2100 er litt under halvparten risikovurderte. Totalt er 125 vurderte til høg eller svært høg risiko, og over to tredjedelar av desse er forvilla hageplanter. Eksempel er rynkerose Rosa rugosa, kanadagullris Solidago canadensis, gravmyrt Vinca minor, blåhegg Amelanchier spicata og blankmispel Cotoneaster lucidus.

Hageplanter blir ofte selde som kultivarar

Dei aller fleste hageplanter blir ikkje selde slik som arten opptrer vill i naturen. Plantene som blir dyrka er gjerne foredla for å få fram ønskte eigenskapar knytte til blomsterfarge og -storleik, herdigheit eller resistens mot sjukdomar. Dette blir anten gjort gjennom krysningar med andre artar eller rett og slett ved å velje ut planter med dei ønskte eigenskapane for vidare selektering. I mange tilfelle inngår fleire artar i utviklinga av kultivarar (f.eks. innan roser og rhododendron). Det blir derfor vanskeleg å knyte  kultivaren til ein bestemt art. Kultivarane har eigne namn som blir sette i enkle hermeteikn etter artsnamnet.

Kva er det som blir risikovurdert?

Datamaterialet som ligg til grunn for vurderingane, skil vanlegvis ikkje mellom ulike kultivarar, og desse kan derfor ikkje vurderast separat. Alt forvilla materiale av f.eks. rynkerose Rosa rugosa, uavhengig av om noko av det måtte tilhøyre éin eller fleire kultivarar (fordi dette ikkje er kjent), blir derfor vurdert samla. Risikovurderingane gjeld dermed for arten generelt, inkludert det som måtte finnast av forvilla kultivarar (og eventuelt materiale frå namngitte frøkjelder). Berre unntaksvis veit vi kva kultivar vi har å gjere med. Dette gjeld eksempelvis Salix euxina 'Bullata' og Campanula glomerata 'Superba'.

Eigenskapane til kultivarane kan påverke økologisk risiko

Sidan kultivarane har andre eigenskapar enn arten eller artane dei er utvikla frå, rettnok i varierande grad, kan den økologiske risikoen også bli påverka. Nokre kultivarar er praktisk talte like arten slik den førekjem i naturen, mens andre er sterkt endra. Vi finn lite informasjon om eigenskapane til kultivarane med omsyn til spreiingsevne og økologiske effektar, og det er ikkje enkelt å «omsetje» slik informasjon inn i rammeverket for risikovurderingar.

I nokre tilfelle har kultivarane mange av dei eigenskapane som nettopp gjer planta spreiingsvillig og problematisk i utgangspunktet. Eksempelvis kan dei vere lette å dyrke, veksekraftige, herdige og sjukdomstolerante. For fleire frøkjelder og kultivarar kan ein derfor gå ut frå at dei er minst like spreiingsvillige og utgjer minst like stor risiko som arten slik den elles er vurdert.

I andre tilfelle kan kultivarane ha eigenskapar som gjer dei mindre spreiingsvillige og risikofylte. Fleire kultivarar er variegerte, det vil seie at dei flekkvis manglar klorofyll, og slike er ofte meir sakteveksande og kan derfor ha ei lågare spreiingsevne. Andre kan vere sterile, eksempelvis kultivarar med fylte blomster ('Flore Pleno'). Desse spreier seg vanlegvis lite med frø, men somme kan spreie seg vegetativt. Nokre dvergformer av bartre set knapt konglar og har derfor ein lågare spreiingsrisiko. Atter andre er berre hann- eller hoplanter (eksempelvis kultivarar av barlind Taxus og vier Salix), noko som påverkar om dei kan spreie seg og korleis dei eventuelt kan påverke det biologiske mangfaldet. Hannplanter kan naturleg nok ikkje spreie seg med frø, men dei kan derimot spreie pollen.

Utfordringa med kultivarar

Ein kultivar har altså ikkje nødvendigvis same økologiske risiko som den vurderte arten. Her er kunnskapsmangelen stor, og moglegheita for å vurdere kultivarane separat avgrensa. Kultivarar som er i stand til formeire seg med frø i naturen, kan dessutan gi avkom med avvikande eigenskapar. Kultivarar som berre spreier seg vegetativt, f. eks. med krypande stenglar over eller under bakken eller har aseksuell frøforplanting, vil derimot halde seg genetisk stabile.

Namnsetjinga av kultivarar er også ei utfordring; regelverket knytt til namnsetjinga av desse er ikkje det same som for artar, sjølv om dei botaniske namna i utgangspunktet skal følgje botanisk nomenklatur. Det er truleg også fleire tilfelle der det er uvisse knytt til namnsetjinga av materialet som blir selt gjennom kommersielle aktørar. Eit eventuelt tilsyn av kultivarar som kan ha ulik risiko, vil derfor krevje ein betydeleg kompetanse hos dei som utfører tilsynet.

Salix euxina 'Bullata' er ein mykje seld og brukt kultivar av skjørpil. Ved førre vurderingsrunde i 2012 stod denne kultivaren i fare for å kome på ei forbodsliste fordi arten Salix euxina blei vurdert til svært høg risiko. I inneverande runde er kultivaren vurdert separat, og resultatet blir då noko annleis. Kvar for seg blir begge vurderte til låg risiko: arten minus 'Bullata' i kategori 3,2 og kultivaren 'Bullata' i 2,1.