Funndataa som er tilgjengelege i Artskart blir distribuerte på ein open standard for deling av informasjon om biodiversitet som blir kalla Darwin Core.

Darwin Core er primært laga for å kunne utveksle stadfesta informasjon om artar og andre taksa. Standarden inkluderer eit sett parametrar med tilhøyrande vokabular. Ein introduksjon til Darwin Core er gitt på TDWG sin Quick Reference Guide. Her har GBIF beskrive kva felt som er påkravde. Artsdatabanken tilbyr ein Excel importmal som viser kva felt som er påkravde og valfrie. Det er også mogeleg å levere data til Artskart på ein standard som blir kalla Sampling Event Data som er tilpassa overvakingsdata.

Mange av felta i Darwin Core er fritekstfelt. For at vi skal kunne sortere og filtrere på slike data har vi laga nokre reglar for gruppering av data. «Aktivitet» er eit slik felt der det er laga reglar for gruppering av eigenskapar. I Artskart blir mange ulike aktivitetar som blir rapporterte til Artsobservasjoner slegne saman til eit sett aktivitetskategoriar. For eksempel blir aktivitetane "reir med egg" og "reirbygging" slegne saman til aktivitetskategorien "sikker reproduksjon".

Koordinatar

Når du lastar ned data frå Artskart, blir koordinatane for stadfesting av artsfunn inkludert i to format. Breiddegrad (Latitude) og Lengdegrad (Longitude), og 'Aust' og 'Nord'. Desse siste to felta gir koordinatane i UTM sone 33 - euref89. Merk at sone 33 blir brukt til heile Noreg, også til lokalitetar som er i sone 32, 34, 35 eller 36.

Laste ned data

WMS/WFS er opne kart/GIS-standardar som gjer at data frå tenesta kan nyttast direkte i kart/GIS-verktøy. Data på raudlista artar i Artskart blir kvar natt eksportert til ei teneste for WMS-/WFS-publisering av desse datasetta. Utvalet representerer artar i raudlistekategoriane RE, CR, EN, VU, DD og NT, med ein oppgitt geografisk presisjon som er betre enn 1 km eller geografisk presisjon som ikkje er oppgitt (0 m). Merk at desse tenestene hentar data i Artskart 1,6 databasen.

Tilsvarande teneste er tilgjengeleg for framande artar, med basisurl: http://kart.artsdatabanken.no/WMS/artskartfa.aspx?version=1.3.0&service=WMS&REQUEST=GetCapabilities

Shapefiler med alle data knytte til denne tenesta er tilgjengeleg her (blir oppdatert kvar natt): http://kart.artsdatabanken.no/WMS/kartdata/artskart/artskart.zip

Tenesta er tilgjengeleg via url: http://kart.artsdatabanken.no/WMS/artskart.aspx?version=1.3.0&service=WMS&REQUEST=GetCapabilities

For tenesteinfo knytt til WFS: http://kart.artsdatabanken.no/WMS/artskart.aspx?version=1.3.0&service=WFS&REQUEST=GetCapabilities

API-tenesta

Artsdatabanken har utvikla ei API-teneste for maskin-til-maskin-kommunikasjon. Ei API-teneste gjer det f.eks. mogeleg for andre brukarar av Artsdata å lage eigne kartløysingar med data frå Artskart. Les meir API-tenesta her.

Hent data med R

R er eit mykje brukt statistikkverktøy som også gjer det mogeleg å søkje og hente data frå GBIF globalt. rgbif er ei R-pakke som hentar data og informasjon frå GBIF-API-et. Med rgbif er det bl.a. mogeleg å:

  • hente data om enkeltfunn
  • hente mange postar/funn
  • søkje etter artsnamn
  • lage førekomstkart
  • filtrere data

Funksjonaliteten er beskriven på hjelpesida.

Det er verdt å merkje seg at det vil vere forskjellar mellom Artskart og GBIF, f.eks. knytte til taksonomi. Artskart har også nokre kvalitetsfilter som avviser nokre fleire postar enn GBIF. I Artskart knyter vi også raudliste- eller framandartskategori til funna, norsk artsnamn, taksonomi i samsvar med Artsnavnebasen og fylke og kommune der det ikkje er oppgitt.