Alle data i Artskart, med unntak av nokre bilete, kan fritt brukast så lenge du aksepterer retningslinjene for sitering. Praksisen med sitering har to formål: å anerkjenne originalkjelda til informasjonen og å hjelpe andre å finne kjelda til dataa.

Alle data i Artskart, med unnatak av nokre bilete, har open lisens og kan dermed brukast fritt så lenge du aksepterer lisensvilkåra om sitering (og eventuelle tilleggskrav som kan vere knytte til biletbruk). Artsdatabanken oppfordrar alle til å nytte standarden for sitering som er skissert nedanfor. Slik kan ein anerkjenne originalkjelda til informasjonen og hjelpe andre å finne kjelda til dataa.

Eksempel på sitering (eksport)

Dersom du vel å eksportere resultatet ditt som Excel-fil, vil fila innehalde forslag til sitering. Vi anbefaler å nytte følgjande format ved sitering av data som er henta frå Artskart:

Artskart.artsdatabanken.no DD.MM.ÅÅÅÅ. Funndata frå: [liste over dataleverandørar]. Nedlasta frå Artskart.

For eksempel:

Artskart.artsdatabanken.no 21.02.2017. Funndata frå: Bergen museum, UiB, Naturhistorisk museum UiO, Tromsø museum UiT, NTNU Vitenskapsmuseet. Nedlasta frå Artskart.

Sitering av enkeltfunn

Ved sitering eller tilvising til enkeltfunn, oppgi (a) vitskapleg artsnamn, (b) institusjon, (c) samling og (d) katalognummer. Til saman utgjer (b), (c) og (d) ein «triplett» som er unik for alle observasjonar. Tripletten kan også erstattast med occurrenceID for observasjonar som har ein slik ID.

Ei sitering av eit enkeltfunn kan for eksempel sjå slik ut: Artskart.artsdatabanken.no 21.02.2017. Funndata for Tussilago farfara L. frå Norsk botanisk forening, so2-vascular, katalognummer: 17303977

Tilvising til søkjeresultat

På kartsida i Artskart er det ein funksjon for å dele lenkja til søket. Merk at lenkja berre reproduserer søket og eventuelle filter som er brukte, og at resultatet frå søket kan endre seg etter kvart som nye funn blir gjorde tilgjengelege for Artskart.

Sitering av skjermbilete

Dersom du vil bruke skjermbilete av vising av funn med eit bakgrunnskartlag, skal du sitere både eigaren av bakgrunnskartet og eigarane av funndatasett(-a) som blir viste. Du kan finne ut kven som eig bakgrunnskartlaget du ser på ved å klikke på "i"-ikonet nedst til høgre i kartvindauget. Der finst det også ei lenkje til eigaren og informasjon om sitering. Kartverket er eigar av dei fleste bakgrunnskart og har open lisens. Meir informasjon og eksempel på siteringsformat finn du hos Kartverket.

Historikk

Per i dag tek ikkje Artsdatabanken vare på eksportane som blir genererte i Artskart. I framtida vil vi kunne ta vare eksportar og etablere permanente lenkjer (for eksempel ved hjelp av DOI) til desse eksportane. Ein saksbehandlar vil då kunne bruke den permanente lenkja for å dokumentere datagrunnlaget som var tilgjengeleg i Artskart basert på det utvalet vedkommande gjorde på det aktuelle tidspunktet.