Av dei artane som er vurderte i 2015 er det antatt at 114 har døydd ut frå Noreg sidan år 1800, og desse er derfor plasserte i raudlistekategorien regionalt utdøydd. Seks nye artar er komne til, og i tillegg blir tre nye underartar/varietetar av karplanter rekna som utdøydde. Biller er den artsgruppa med flest utdøydde artar i Noreg.

I Raudlista 2015 er seks nye artar rekna som utdøydde frå Noreg: Chrysallida bjoernssoni (marin snigel), Lutraria lutraria (marint skjel), Blasticotoma filiceti (veps), skogpanserbie Stelis phaeoptera og karplanteartane skeisvæve Pilosella cochleatiforme og svalerot Vincetoxicum hirundinaria. Det er ikkje kjent at artar har døydd ut på Svalbard.

Skeisvæve og svalerot var ikkje vurderte i 2010. Dei andre fire artane var raudlista i 2010. Det er funne mange tomme skjel av L. lutraria frå Sørlandet til Trondheimsfjorden, men arten er funnen levande berre ein gong i Noreg, og då så langt tilbake som i 1870. Både svalerot og B. filiceti var kjende frå Oslo, men lokalitetane har truleg blitt nedbygde.

I tillegg blir no tre nye underartar/varietetar av karplanter rekna som utdøydde: austersjøsøte Gentianella campestris baltica, storbendel Spergula arvensis maxima, og åkerkall Rhinanthus angustifolius apterus. Austersjøsøte var vurdert som kritisk truga i 2010, mens storbendel og åkerkall ikkje var vurderte.

Artar som ikkje lenger blir rekna som utdøydde i Noreg

Totalt er 114 av artane vurderte i 2015 rekna som regionalt utdøydde RE. Ingen av desse er globalt utdøydde, dvs. dei finst truleg framleis i nokre av nabolanda våre. Talet utdøydde artar er likevel lågare enn i 2010, då 125 artar blei rekna som utdøydde. Med bakgrunn i ny kunnskap er sju tidlegare artar i kategorien regionalt utdøydd no vurderte til ikkje å ha hatt reproduserande populasjonar i Noreg. Dette er artar som tidlegare er funne i Noreg, men basert på ny kunnskap om spreiingsevna til artane, antar ein no at dei var tilfeldige gjestar.

Klippedue Columba livia er også ein av artane som ikkje lenger blir rekna som utdøydd. Undersøkingar av gammalt materiale viser at dei individa som hekka i Noreg var ei blanding av klippedue og tamdue. Arten klippedue blir derfor ikkje antatt å ha reprodusert i Noreg.

Åtte artar som i 2010 blei rekna som utdøydde er funne igjen, og er no vurderte som truga. Dei fleste av desse artane er funne dei siste fem åra. Ofte er det usikkert om artane har etablert seg på nytt frå populasjonar i naboland, eller om dei har vore her heile tida.

Kvar fanst dei utdøydde artane?

44 utdøydde artar har vore knytte til kulturmark (semi-naturleg eng og hei), ein naturtype som er avhengig av hevd som slått og beite. Fleire andre naturtypar som er avhengige av ein viss grad av forstyrring har hatt førekomst av artar som no har døydd ut. Eksempel på dette er kysttilknytt mark, berg, ur og grunnlendt mark og sterkt endra mark (hagar, parkar etc.). Dette er naturtypar som har vore viktige leveområde for høvesvis 22, 16 og 22 artar. Fordi fleire av artane har vore knytte til meir enn ein av desse naturtypane, representerer dette 40 ulike artar.

Det er også 28 skoglevande artar som har døydd ut sidan år 1800. Det er berre ein fjellart, puterublom Draba corymbosa, som blir rekna som utdøydd. Arten lever på fjellkollar med kalkrik grunn og er vanleg på Svalbard. På fastlandet er arten berre kjent frå ein lokalitet i Kåfjord i Troms, der den blei samla ein gong kring år 1900.

Utdøying er vanskeleg å dokumentere

Mange av artane på Raudlista har i lengre tid førekomme på svært små areal eller har svært små populasjonar, samtidig som populasjonen kan vere i nedgang. Ein kan derfor forvente at artar vil kunne døy ut naturleg på grunn av reine tilfeldigheiter eller menneskeleg påverknad, og talet på utdøydde artar kan dermed synast lågt. Forklaringa finst delvis i IUCN sine retningslinjer, som seier at artar ikkje skal definerast som regionalt utdøydde dersom det er tvil om at arten verkeleg er utdøydd. Det gjer at det kan ta lang tid frå siste observasjon av ein art er gjord, til ein med tryggleik kan seie at arten har døydd ut. Det er likevel viktig å påpeike at kunnskapen om våre sjeldnaste artar har vore, og framleis er, mangelfull. Dette gjer at artar truleg døyr ut utan at vi veit om det.

Sida blir sitert som

Henriksen S og Hilmo O (2015) Utdøydde artar i Noreg. Norsk raudliste for artar 2015. Artsdatabanken <http://www.artsdatabanken.no/Rodlista2015/Tema/UtdoddeArter>. Nedlastet <dag/månad/år>.