Artar på nett er Artsdatabanken si kjelde til kvalitetssikra informasjon om artar i Noreg. Artsekspertane skriv tekstane, tek bilete og lagar bestemmingsnøklar slik at vi alle kan lære artane å kjenne. Mange artsgrupper er på plass, og fleire kjem til etter kvart - følg med!

Septemberlibelle Aeshna mixta finn du informasjon om i Artar på nett.

Artsdatabanken har som oppgåve å formidle oppdatert og lett tilgjengeleg informasjon om artar og naturtypar. Artar på nett representerer ei ny løysing for presentasjon av artsinformasjon - både med omsyn til kunnskapsformidling til samfunnet, og teknologien som ligg bak løysinga. Artar på nett er på mange måtar ei gåvepakke til alle som vil vite meir om artar.

Data publiserte via Artsdatabanken sine tenester skal vere fritt tilgjengelege for allmenta gjennom opne lisensar. Dette gjeld også foto, film og lyd som blir gjorde tilgjengelege gjennom Artar på nett. Referanse til fotograf, forfattar og eventuell institusjon skal, i samsvar med lisens, alltid bli oppgitt ved bruk vidare. Eit anna grunnleggjande prinsipp er at dataleverandørane sjølv er eigarar av dataa sine og forvaltar dataa i Artsdatabanken si løysing. Artar på nett er i kontinuerleg utvikling, både med omsyn til teknisk funksjonalitet og innhald.

Meir informasjon:

Data frå mange kjelder på ein stad

Artar på nett inneheld bestemmingsnøklar, digitale plansjar, tekst, bilete, film og annan informasjon om artar og artsgrupper. Informasjonen er levert av fleire forskjellige fagmiljø, i tillegg blir informasjon frå Artsdatabanken sine databasar vist. Dette kan for eksempel vere raudlistestatus og kartdata. 

Informasjonen som per i dag blir gjord tilgjengeleg, er gjerne data som allereie er produsert til andre formål (bøker, artiklar etc.). Dette betyr at dataa varierer frå art til art og frå artsgruppe til artsgruppe: Noko av informasjonen er enkel å bruke for mange målgrupper, mens annan informasjon kan opplevast som meir fagleg og detaljert. Dei som leverer data blir oppfordra til at det, som eit minimum, skal finnast eit godt artsbilete og eit kort, lettfatteleg samandrag (ein ingress) om artane.

Artar på nett: Kven kan bidra?

Institusjonar kan bidra med informasjon i Artar på nett, og meir og meir innhald blir lagt inn suksessivt. Det meste av informasjonen blir nyskrive, men også innhald frå bøker med ope lisens kan publiserast i Artar på nett.

Sommarfuglpresentasjonane (piloten) i Artar på nett er til dømes eit samarbeidsprosjekt mellom Artsdatabanken, Naturhistorisk museum ved Universitetet i Oslo og Norsk entomologisk forening, og er eit godt eksempel på korleis innhald i bokverk kan digitaliserast (Norges sommerfugler)

Oversikt over publiserte artsgrupper og artsgrupper under produksjon ligg her:

Artsdatabanken si rolle

Artsdatabanken si rolle i Artar på nett, er å stille den tekniske infrastrukturen til rådigheit for dei som leverer og eig dataa. Dette omfattar både dataproduksjons- og datalagringsystem (datahotell), formidling (i hovudsak via Artsdatabanken si nettside) og distribusjon av data tilbake til dataeigarar eller andre aktørar.

IT-pionerarbeid

Det er lagt ned eit omfattande IT-utviklingsarbeid i Artar på nett. Stor fleksibilitet har vore vektlagt i utviklingsarbeidet, som har gått føre seg internt i Artsdatabanken. Løysinga er basert på miniprogram/«widgets». Dette er eit slags «kikhol» inn i Artsdatabanken, og består av frittståande dataeiningar som enkelt kan leggjast inn («embeddast») på andre nettsider.

Les meir om widgets: